onsdag 30. mai 2018

Grøntnett


GRØNTNETT - FRUKTNETT - MILJØNETT
kjært barn har mange namn <3


Eg kom på første sida i lokalavisa vår - Vikebladet Vestposten
lokalavisa for Ulstein og Hareid <3
- og saka er #grøntnetta som eg brukar når eg handlar frukt-og grønt i butikken. Eg vil vere med på å redusere bruken av plast, og eg vil gjere det med dei midla eg kan...heklar nett, som eg kan ha frukta og grønsakene i, i staden for plastposane - frå butikken og heim...


Eg veit at mange med meg gjer det same, og det er FLOTT <3


Eg har laga mi eiga oppskrift - GRATIS FOR ALLE <3
Eg vil at så mange som mogleg kan hekle sine eigne #grøntnett, gjerne i fleire fargar og storleikar :) Bruk bomullsgarn frå restlageret ditt, eller kjøp garn i butikken ;) og set i gong <3
                                      Oppskrifta er som følgjer:
Hekle luftmaskar (lm) til ein passe stor ring ( mellom 5-10 lm, alt etter kva garn du brukar og heklekrok). Fest med ein kjedemaske (kjm). Lag fastmaskar (fm) rundt ringen, og fest med ein kjm.
Lag 10 lm, og fest med ein fm ned i kvar av fm i ringen heilt rundt.
Hald fram med 10 lm, og fest i forrige luftmaskeboge (lmb) med ein fm.
Lag dette i kvar lmb heilt rundt, og vidare rundt til du har tomt for garn, eller til grøntnettet er stort nok.

Ved slutt, ta nokre fm i siste lmb. Klipp av garnet, og fest enden med ei nål.
Lag ei snor med to fargar, som du tvinner saman.
Tre snora mellom lmb rundt grøntnettet, og knyt ein kjerringknute eller ein speidarknute med dei to endane
Ta med deg #grøntnettet til butikken neste gong, og ha frukt eller grønsaker i det,
i staden for i plastposar. Slik er du med på å redusere plastbruken i framtida.
Sjå berre kor fint det er <3 ein blir i godt humør av å handle :) :) :)
To ulike variantar av #grøntnett og #fruktnett  - som eg laga på "grøn fredag" ;)

...og her er litt av samlinga vår <3
I tillegg til desse #grøntnetta, har eg hekla nokre retro miljønett. 
Eg fann oppskrifta, gratis her - på Drops Design 



 

Variant med hanken

Veldig kjekt å lage desse miljønetta også, og dei kan også brukast til badenett/ strandnett ;)


LUKKE TIL <3

Sprei gjerne den gode bodskapen <3

Klem frå fruANE<3

torsdag 3. mai 2018

Gjenbruk og bosrydding

Korleis i all verda skal eg starte dette blogginnlegget?

Overskrifta er iallfall klar... GJENBRUK

Når eg googlar gjenbruk - er det NMS Gjenbruksbutikkar, som først dukkar opp <3 
Eg har ei forkjærlegheit for desse butikkane, og særleg den i Myrvåg. Damene der er soooo gode :) anten eg kjem med noko eg har for mykje av i heimen, eller handlar med meg heim, så er dei så kjekke <3
Eg skal seie det med dei neste gong, ikkje berre blogge om dei ;) 

Sist bruktfunn - sist laurdag; var dette <3 ein stk snopekopp, vova linbrikke, ein keramikkvase til kr 14,- ( som sa; "eg vil bli med deg heim" - og det fekk han sjølvsagt <3 , to stk. djuptallerken og eit vårsjal <3

 Eg hadde eigentleg tenkt å snakke om bos...
Ja, bos!
Sånt som me finn i vegagrøfta kvar gong me luftar hunden, og som me irriterer oss "grøne" av...iallfall eg :( 
Sooooo - eg valde å gjere noko med irritasjonen :) 

Kvar gong eg gjekk tur med hunden, tok eg eit par plastnett og eingongshanskar i jakkelomma, og plukka bos ;)
Bildet er henta frå Instagramkontoen @anitanese

Rart med det...det blir ein heil del bos...og flasker som kan pantast ;) 
ein kan rett og slett bli  "rik"  på desse "funna" :)

Rik, kan ein bli på så mange måtar... Eg kjenner meg ofte "rik", når eg finn "skattar" som "snopekoppar". 
(Du finn anna innlegg om det på bloggen her ;) 

Å kome heim, etter ei slik skattejakt - finne ein "snopekopp" i ei vegagrøft <3  vaske den, og få servert rykande fersk kaffe i...gjerne med ein liten sjokoladebit til...NAMMMMMMMMM!!!!!!
<3

"Om du vil bli med meg heim, så skal du få sjå "snopekopp-samlinga mi" <3
...og her er den ;)

Sist helg rydda eg bokhyllene mine ( eg er så umoderne at eg har bokhyller på stova :)
...og då fekk eg nemleg plass til alle "snopekoppane" <3

Snopekoppar

1. mai - på rusleturen til Perlå ( hytta), fann eg mykje skrot i vegaveita...og litt pant ( som eg skal levere på Lotteri)...skal berre samle litt meir først ;)

Då fekk eg ideen om å hive meg på fjørerydding ;)


Eg kalla inn nærmaste familie, til felles dugnad - på "heimebane" <3 
i fjøra der naustet til foreldra mine er... 
Me hadde fjøre-rydde-dugnad, onsdag kveld, og fann mykje rart og stygt :(

Denne veka er det nemleg mange som er ute i fjøra for å rydde <3 og det er kjekt å gjere det saman med nokon <3 

Litt av fangsten langs fjørasteinane, og litt fram på land...

Ca 50 kg  bos, levert på SSR neste dag.

Girlpower <3 <3 <3 <3 
So skal det seiast, at me grilla pølser på bål, og hadde det rett triveleg saman :)

Det skal også seiast at det gjer litt ekstra godt å få bidra med noko som er så viktig <3

BLI MED DU OGSÅ DÅ, DER DU ER <3

Klem frå fruANE