torsdag 26. april 2018

Kofter


Kofter er i vinden som aldri før <3
Eg har nett laga ei innlegg om kofter her på bloggen, og det skjer stadig eit og anna på facebook, Instagram eller andre stader, der kofte blir nemt :) 
eg storgler meg over det <3 
eg elskar ordet "storgler" ;)

I Tromsø har det nyleg vore kofte treff ( tredje året på rad, men ulike stader kvart år)...ååååååå, som eg skulle ha vore der :) 
MEN
 neste år, omlag på same tid, skal det vere KOFTETREFF i MOLDE <3 

JIPPPPPPIIIIIIII 

Då blir det hurtigrutetur frå Torvik til Molde, med overnatting heile helga ;) 
Blir du med?

Iallfall var det Koftestrikk 2018, ved 
Vanjastrikk, som stod føre den...
...den same Vanjastrikk, som arr. årets Påskestrikk 2018 ( årets påskegensar i Lettlopi).


Elles kan ein finne mykje koftestrikk på;
Koftami - som er opptekne av border og mønster i kyrkjene våra <3
... og Retrokofter
Eg elskar bloggen Livslyst til Liv Sandvik Jakobsen og bøkene hennar 
...
og mange fleire
...
...og me har vår ganske nære Bystrikk
Heilt lokalt, fann ein fram til 
Brandalkofta og eg har eit sterkt ønskje om ei Ulstein kofte 
<3
Er det nokon som veit om eit mønster på Ulsteinkofte/ gensar?

I dag tok eg på meg Valldalkofta på jobb, og ein tur i sentrum etterpå... 
Fekk mykje skryt <3 
DEILEG
 <3 
Jakka strikka eg i utgangspunktet til min kjære mann <3 men den vart for lita :( 
den er eigentleg for lita til meg også :) :) :)  men så synest eg at jakker er finast når dei er opne
 ( på eit vis...)...so då er den innanfor :) :) :) 
og eg traff ein kjenning på polet... Ho ville kjøpe den....får sjå...

Valldalkofte
Tips meg om Ulsteinkofta då, - elles må eg lage den sjølv <3 og det må skje før neste koftetreff :)

fruANE

onsdag 25. april 2018

Om det å høyre

Eg fek høyreapparat på begge øyrene, for omlag 4 år sidan...før eg vart 50 år ;)
...små dingsar som eg set fast inn i øyret, med eit batteri på utsida av øyret, på innsida av brillene...og som eg ofte får gnagesår av...
ei plage, som oftast, 

MEN...


...også litt bra ;)

Dei fleste skaffar seg høyreapparat, oftast når det er for seint...ein treng ikkje vere gamal og grå fordi ein har høyreapparat ;) 
Eg skulle vere føre var <3 men er diverre litt "gamlekjerring" - og brukar dei berre når det trengst 
( les; når eg trur eg treng det ;) Ikkje når dei eg bur ilag med er frustrerte over alt eg ikkje får med meg, misoppfattar og svarar i hytt og pine på ting eg trur dei har sagt og som eg svarar på...og kan kome ved seinare høve på ting eg har påstått osv... 
Fortvilande!
Eg har hatt nokre slike opplevingar, også med høyreapparat :( for eg oppfattar nemleg ikkje alt som vert sagt, i litt store samankomstar :( 

Eg kan ikkje slutte å vere sosial ;) men eg kan verte flinkare på å følge eine samtalen heilt ut, ikkje få med meg alle samtalene rundt heile bordet... 
Øving gjer meister! Eg vil bli ein meister på å bruke høyreapparat <3

Ein annan fordel med høyreapparat, er at tinnitusen ikkje har vore så "aktiv". 

"Få på dokke høyreapparata", vert sagt i enkelte samanhengar, fordi ein skal høyre etter... Eg kunne velje å bli nauta fornærma, for eg kunne ikkje ha høyreapparat på øvingane... "Få på dokke brillene", vart også brukt i liknande samanhengar... 

Eg brukar briller, og eg brukar høyreapparat! 
Er det negativt?
Kvifor vil ikkje "unge" folk (les; folk på min alder pluss/minus) bruke høyreapparat? 
Er det fordi det er for gamle folk?
Eg møter berre vellete (?) når eg fortel om høyreapparata...viss folk oppdagar at eg brukar dei... 
Det er med på å gje meg livskvalitet <3

fruANE

<3

Tankar om det å sitje vakt

Eg er vakt på prøver, tentamen og eksamen i den vidaregåande skulen, og har vore det i omlag 3 år no. I dag var det 30 elevar som skulle ha sosialkunnskap. Det var det eine av faga eg sjølv hadde, då eg var elev på denne skulen.


I dag lyder oppgåva: 
"Tema:
Kriminalitet
Oppg.: Drøft om straff er eigna til å kjempe mot ungdomskriminalitet. I svaret ditt skal du; 
- trekkje inn ulike syn på dagens straffesystem. 
- vurdere endringar i reaksjonsformer, som til dømes bruk av samfunnsstraff.
Du skal bruke teoriar om årsaker til kriminalitet".

 Alle hjelpemiddel er tillatne, bortsett frå Internett og andre verktøy som kan brukast til kommunikasjon.


Dei fleste elevane har haugevis med bøker og notatar, og brukar desse jamt og trutt. i tillegg har dei i forkant lasta ned alt av relevant stoff på datamaskinene sine. Alt foregår på pc no til dags. Dei må oppgje kjeldebruk, og det kan nok vere ei utfordring...

Me hadde ikkje lov til å bruke noko form for hjelpemiddel, og skreiv for hand. For ei utvikling! Eg er ikkje i tvil om kva som er best ;) 

Når eg sit slike dagar, og ser på elevane, studerer elevkatalogen med bilde og namn, lurer eg veldig på korleis det vil gå med desse ungdomane. Skulen "spyr" ut elevar kvart år, etter endt skulegong, og er klar for nye utfordringar. Eg misunner dei slett ikkje! Eg er glad eg er ferdig med dei vala...

På desse dagane får eg sitje i ro, ikkje gjere noko anna enn å følgje med, passe på at dei ikkje kommuniserer, at dei har det bra osv.

For ei tid tilbake fekk eg eit spørsmål om denne jobben var utfordrande nok for meg - eg som hadde så god utdanning, hadde jobba som lærar, og var så kreativ...  
Eg har innsett at eg ikkje skal jobbe som lærar lenger,- og det er det mange år sidan eg forsto...sjølv om livet har vore svært så frustrerande til tider...

I denne jobben får eg ha litt kontakt med ungdomane. Eg får også følge med på faga, noko som er interessant. Eg får jobbe i økter på hausten ( nokre elevar som skal opp igjen eksamen av ulike grunnar), til jul og etter jul, før påske og etter påske og i mai/ juni med eksamenstida. Eg bestemmer når eg kan og vil jobbe... Eg får vere kreativ utanom - heile tida, om eg vil <3
Dette passar meg bra  :)

På desse vaktdagane, kjem tankane inn på mange spor - og det er bra godt med dei òg :) for brått får eg ein idè, som eg skriv ned i ei notatbok som er med... Kjekt å ha for seinare :)

Ha ein fin-fin lissjelaurdag <3
fruANE

søndag 22. april 2018

Grøntnett

Sidan plast er med på å forsøple jordkloda vår, har me tre jentene i heimen utvikla vårt eige #grøntnett - og har hekla nokre av desse <3 

Og sidan det er Earthday i dag - 22. april 2018 - legg me ut vår oppskrift på Instagram, Facebook og her på bloggen <3 
Me meinte at alle bør få den gratis, for å få best mogleg resultat på miljøet <3

Versågod :)



Oppskrift på #grøntnett :)
NB! Følg bilda ilag med oppskrifta ;)
Eg har brukt bomullsgarn frå restelageret :)

Hekle luftmaskar (lm) til ein passe stor ring ( mellom 5-10 lm, alt etter kva garn du brukar og heklekrok). Fest med ein kjedemaske (kjm). Lag fastmaskar (fm) rundt ringen, og fest med ein kjm. Bilde 1.








Lag 10 lm, og fest med ein fm ned i kvar av fm i ringen heilt rundt. Bilde 2





Fortset med 10 lm, og fest i forrige luftmaskeboge (lmb) med ein fm. Bilde 3




Lag dette i kvar lmb heilt rundt, og vidare rundt til du har tomt for garn, eller til #grøntnettet er stort nok. Bilde 4





Ved slutt, ta nokre fm i siste lmb. Klipp av garnet, og fest enden med ei nål. Bilde 5.





Lag ei snor med to fargar, som du tvinner saman. Bilde 6.




Tre snora mellom lmb rundt #grøntnettet, og knyt ein kjerringknute eller ein speidarknute med dei to endane. Bilde 7




Ta med deg #grøntnettet til butikken neste gong, og ha frukt eller grønsaker i det - 
i staden for i plastposar <3
Slik er du med på å redusere plastbruken i framtida <3
Bilde 8





Her er produksjonen vår <3 Neste gong me skal på butikken, skal desse #grøntnetta vere med i miljønettet. No er det slutt på plast ;)

Det er lov å dele <3

fru ANE

 







fredag 20. april 2018

SØRE SUNNMØRE BUNAD


Eg er heilt ferdig med min eigen bunad :) og eg er nauta stolt <3

Min bunad <3

Litt historikk ;)
Eg kjøpte tilfanget på Husfliden/ Norsk Flid i Ålesund, 04.05.2016 -
Eg såg meg ikkje syn med å gå i gong med dette, utan profesjonell hjelp. Då det ikkje var kursing i regi av det lokale husflidlaget, tok eg kontakt med Mona Kleven Stakk og glede.
Ho er svært dyktig, og er kurshaldar i bunad, i regi av Norsk Husflidslag.
Ho tilbaud meg rettleiing, noko eg takka JA til :)

Eg var hjå henne første gong 12.08.2016...
...og det har vorte mange turar innom henne i tida fram til 15.03.2018.
Eg har vore hjå henne i 18,5 timar, i tillegg til ALLE timane eg har brukt heime ;) Dei er ikkje få, men eg har ikkje oversikt over det... Det har vore mykje frustrasjon, det er bra sikkert :(
Eg har hatt store utfordringar med nakkeproblematikk og synet. Fekk tilpassa briller undervegs...og hadde berre korte økter når eg jobba med det... Difor har det teke mykje tid. 
Men du verden kor stolt eg er no <3

 Bileta under, viser progresjonen i arbeidet...


Nokre av rosene på forkleet.
Roser på forkleet.
                                                   
Eit Instagram bilete, undervegs med rosene på forkleet.

Påteikna lomme, brodert og montert med lommelås <3

Eit Instagram-bilete, der eg er ferdig med lomma <3
Brodering av halslinningar <3

Klipping og sying av vesten/ livet og montering av halslinningane <3



Eg sydde i dei siste trykk-knappane, hempene og hektene i dag, 

og gler meg til å gå i Borgartoget 17.mai <3



Eg er svært takknemleg for rettleiing, 

hjelp og støtte frå bunadtilverkar, Mona Kleven :)



No er det VÅR <3

fruANE

<3

mandag 2. april 2018

Påskestrikk 2018

Strikkalongen "Påskestrikk 2018" starta 21.mars. 
Det var Vanjastrikk som lanserte arrangementet på Facebook, og den som ville, kunne melde seg på. Eg har vore med på ein liknande strikkalong for nokre år sidan, då på Adventsstrikk med ein annan arrangør. Den gensaren (under) er min favorittgensar, iallfall fram til no ;)

Favorittgensar frå Adventsstrikk


Her er eg med favorittgensaren, og med ei kofte på pinnanae. Valldalkofta!
Valldalkofta <3

Etterkvart som me melde oss på arr. til strikkalongen "Påskestrikk2018", vart det ei sokalla "hemmeleg" gruppe på fb., der berre me som hadde betalt, fekk tilgong på info og oppskrift :) 
Slik fekk me ny info for kvar dag som gjekk, med oppskrift og tips.
Veldig spanande å starte på ein gensar me ikkje visste noko om...anna enn kva garn ein skulle kjøpe   (og alternative garn). 
Eg valgte Lettlopi - ullgarn frå Island,
og som var opprinneleg garnforslag frå
Vanjastrikk - som også er på Instagram.
Du kan kjøpe oppskrift på Ravelry.
Eg kjøpte garnet i Volda, på Volda Mode
Dei er også på facebook.

21.mars
 Oppstartdagen var på sjølvaste RockSockorna - dagen
Eg markerte det med mine ulike tjukkelestepar <3

22.mars

23.mars - 1,5 erme og to deilige hundar - på Perlå = hytta
Roffen, av rasen MAS og Bobby, av rasen petit brabancon

25.mars - starten på bolen

27.mars - på Perlå <3


30.mars - 27 års bryllaupsdag <3

1.april
 Fargar: fg 1.nr 1704, fg 2.nr 1401 og fg 3.nr 1418 

Har ikkje dampa den endå...


Ferdig "SOLGLØTT" - og dermed ny favorittgenser <3

Dersom nokon vil vere med på strikkalong ein annan gong, så nøl ikkje... Ein treng ikkje strikke kvar dag, og ein treng heller ikkje ha den ferdig når strikkalongen er ferdig... Så lenge du har meldt deg på, og betalt, så får du tilgong på oppskrifta ;)

TUSEN TAKK TIL VANJASTRIKK

<3

og veloverstått PÅSKE til alle <3

klem frå fruANE<3