onsdag 26. desember 2018

Gledeleg jul

JULESELSKAP <3

Sidan eg kan minnast, har me hatt Brunsj, 1.juledag i familien min...først i Botnen der foreldra mine bygde hus, og seinare flytta til leiligheit i Ulsteinvik. 
Då eg fekk kjæreste og mann ( den same ;) tji-hi...hadde familien hans, same tradisjonen, men med kaffejuleselskap utpå ettermiddagen. 
Det vart vanskeleg å dele seg, og det var trasigt å bryte opp frå det eine juleselskapet, for å reise til eit anna. Så då vart tradisjonane endra på. Sidan mannen mi si familie var størst, vart det mi familie som endra dag, til 2.juledag( men berre for nokre år...), for brått hadde desse dagane skifta igjen, så no har me Brunsj 1.juledag og Kaffeselskap 2.juledag.

I alle år har det vore mor og far min som har stelt i stand Brunsj, og med stil...så det var som å hoppe etter Wirkola, då stafettpinnen gjekk vidare...

Det skal seiast at det vart ein dugnad på matfronten :) 


Sidan eg likar pynte, gledde eg meg til den biten...
Planken, rekved frå fjøra på Hagebø ( der me budde før), har vore utgangspunkt for bordpynten kvar jul ( iallfall i 10 år). 
Planken, har eg blogga om tidlegare...



Sidan det var buffet, skulle ingen mat på bordet, så då vart planken fyllt med lys, englar og anna pynt.
Snopekoppar og glas i ymse kvalitetar, frå arv til gjenbruksfunn <3
Til kaffien seinare, måtte gjestane finne fatet til snopekoppen sin...:) :) :) 

Då eg var yngre, kan eg hugse at mi farmor alltid stod på kjøkenet i alle selskap...Eg har ikkje "forstått" dette, og har ikkje lyst til at det skal bli slik...
...slik vart det ikkje...

...og det vart nok mat...både til Brunsj...og ettermiddagskaffen...alle vart mette og gode <3
...og alle fann fatet til snopekoppen ( med litt leiting ;)

I dag, 2.juledag er det Kaffejuleselskap - der alle tek med mat til fellesskapet. Og for første gong skal me samlast på ein innleigd stad. Me har vorte så mange, at husa våra ikkje er store nok. Kjekt med stor slekt <3

Ha ei god romjul <3

fredag 21. desember 2018

Solsnudagen



                                  - den kortaste dagen i året, og er alltid ein del av vinteren.



Då eg vakna i dag, kjende eg ein enorm lengt til Perlå - mi <3

Strikkar på ei hyttebukse ;)

Som tenkt, så gjort!
 Eg drog dit, ilag med hunden min, Roffen
 - for å brenne bål...


...og tenne lyslenkja i juletreet <3


Sååååå inderleg fornøgd med den vesle stunda, og rusla heim midt på dagen <3

<3 <3 <3

Oftast skal det så lite til, for å gjere dagen god 

<3

god-jul-klem frå fruANE

søndag 9. desember 2018

Adventstida

Eg elskar adventstida <3

Ei kjøtkvern kan brukast til så mangt...

Farmorhylla - med "skattar" frå Nes <3

Mykje dill og dall...

Symaskina til farmor - arv <3

Stemningsfullt <3

Omsider fekk me montert varmelampen ( som eg fekk i julegåve sist jul ;)



...so då passa det å snu litt på sofaen ;)

<3 <3 <3

1.desember <3

 

Eg kjøpte Snøsøsteren fordi eg hadde høyrt so mykje fint om forteljinga og illustrasjonane, og me skulle ha boka til høgtforteljing i heile desember...

Eg er imponert!

1. søndag i advent <3

"No tenner vi det første lys,
åleine må det stå. 
Vi ventar på det vesle barn, 
i krybba lagt på strå".
...
Har du høyrt om GLEDING ?
Mitt første møte med ordet, var då ei veninne ga meg ei gåve med teksta "Gleding i kvardagen" <3 og eg likte ordet frå første stund, og tok det i bruk... No i desember nyttar eg adventskalendaren deira, og den gir mykje 
GLEDING I KVARDAGEN <3

Dagens gledingtips; Del med familien, kollegaer eller ... - hva har du gjort for å glede noen i dag? Tips til samtale: - Hvorfor sender vi julekort? - Kjenner du noen som hadde blitt ekstra glad for å få et julekort i år? 
Små hekla hjarter i ulike storleikar <3


Eg vart så inspirert av dette...at då eg gjekk tur med hundane denne dagen, knipsa eg desse bilda, og laga eit "julekort" - som eg igjen delte på Facebook og Instagram @aneogstorsjal, med teksta; 

"Til DEG der ute, som treng litt ekstra hjartevarme i tida som er..."
...
og til DEG som les dette NO <3

Einekrans, som eg laga i selskapet <3 og heng på ytterdøra.
 Eg vart invitert i eit annleis selskap, ilag med mange damer...og me skulle lage kransar. Eg hadde aldri laga krans før, og kjende det var ei stor utfordring, både på det kreative og det sosiale planet.
...
Me hadde det fole kjekt, og eg kjende meg fornya etter dei timane me var ilag 

<3 TAKK <3
...
I eit anna Instagram - innlegg var temaet "Lys i mørket" - 
og i denne mørketida er det mange som har utelys i ulike former... 
Her er nokre av mine...

Bjørkekrans med keramikkhjerter ( Gry Nerland), og heng på husveggen.

Minijuletreet framfor kjøkenvindauget <3

Hjartekrans av bjørk, med ei lyslenkje i...( sjølvlaga)
Ein av dagane denne veka, brukte eg på baking og kos <3
Gløgg i julekoppen min<3 

Gløgg og julekort <3
 Tre kakesortar som me berre MÅ ha til jul...
( og her skulle eg så gjerne ha skrive det var Berit Nordstrand sine oppskrifter, på sunne byggeklossar...), men nei... Dette er av argaste sort!
(pssst...eg er veldig "flink" resten av året).

Brune pinnar

Serinakaker

Sjakkruter
 Dette hjartet strikka og tova eg i fjor, men av ein eller annan grunn har det lege umontert... Sånne prosjekt som eg synest er mislukka, men som ved nytt syn på saka, blir bra likevel. Det var i grunnen gjort på kort tid å stappe i noko fyllstoff og sy igjen :)


Desse flaskenetta er eigentleg juleraud, men på bildet vart dei rosa... Litt kult likevel, og slett ikkje verst når dei vart pynta med litt sjølvlaga "stæsj" ;)

Kjekke gåver å gi til dei som har alt...
(du finn oppskrift annan stad i bloggen, då som miljønett, men det er berre å legge opp færre maskar...)
Hesjastrengel

Denne dagen trengde eg denne...
For ei god tid tilbake laga eg eit blogginnlegg om Hesjastrengelen, om korleis den vart til...
Om du vil lese, er du velkomen til det...
...
...for denne dagen las eg starten på kapittel 8 i Snøsøsteren, og delte på Facebook og Instagram 
( og hjelpe meg kor eg tenkte at "du er gal, ka du trur andre trur om deg...")
...
og verre skulle det bli...for 2. søndag i advent, song eg andre verset...og delte igjen...

"No tenner vi det andre lys. 
Dei står der stilt og skin. 
Vi ventar på at Gud vår Far, 
skal sende Sonen sin".

Hekla hjerter <3 <3 <3 <3 <3 <3 <3

Eg slo av mobilen, og gjekk ein hundeluftetur...for det fælaste på jord, er nemleg å høyre seg sjølv...


Harding, eller tjukklefse

Eg sette i gong med fleire prosjekt denne søndagen, for å utnytte energien og tida...for neste veke er det full rulle, både jobbmessig og sjukehusbesøk. Sidan surmjølka ikkje kom til å bli brukt til noko anna, og medan "takka" var i hus( lånt av mamma), så vart det sveler av restane :)  Utpå ettermiddagen, fekk me besøk også...så då vart det smaksprøver, og nokre lefser vart med vidare...

Strikka minisokk

Eg er takksam som berre har komt til 9. desember...for eg skal verkeleg kooooose meg, det eg kan resten av førjulstida <3
...
Ønskjer DEG ei retteleg herleg adventstid <3
...
klem frå fruANE










lørdag 24. november 2018

Mørketid

Mørketida, 
før advent 
- i oktober/ november -
 er det ofte tungt og vanskeleg...
...spesielt om veret er dårleg...
...
og etter nokre dagar med jobb, er det himla godt å kome fram på Perlå - mi 
<3 
og berre vere til...

<3

Eg er snar til å fyre opp i omnen, og over omnen heng denne mamelukka :)
- ein strikka variant, som varmar godt, etter turen eg brukar å ta...


På uthusveggen heng "heilårstreet", og rundt adventstider heng eg ei batterilenkje langs stamma...
...og det blir magisk ( iallfall i mørket). 

 På utedo heng eit gamalt pyntehåndkle med broderte fuglar på, etter mi farmor <3


 Inne i sjølve hytta har eg våga meg til med å pynte med litt småting eg fann på ei julemesse ;)


Detaljar...


...og desse smånissane :) eg som aldri har hatt nissar...



...og etter turen, kan eg med godt samvit, setje meg framfor omnen... 
Då er det ein god lunk i hytta <3


God helg <3
klem frå fruANE

torsdag 8. november 2018

Strikk og Vinyl


 No har eg prøvd det også...

Eg har hatt diverse samankomstar i heimen, og no stod Strikk &Vinyl for tur...


 ...og hadde kalla inn tre damer <3 <3 <3 


Oppdekkinga er ikkje det viktigaste med samkoma, men fell som oftast i smak...med snopekoppar og ulike stettglas dei får velje sjølv, og "snop" frå skåler kjøpt på NMSGjenbruk.


Eit typisk arrangert bilde måtte sjølvsagt takast...med strikket i hendene ( ein kan so vidt skimte dei fire arbeida rundt bordet...


Vinyl er ikkje oppskrytt...og me har ei lita samling...

Eg hadde utfordra damene til å ta med vinyl...og fortelje bakgrunnen for nett den vinylen...

Det vart ein fin kveld, og det blir garantert fleire av slike kveldar.
Ide for andre?

Klem frå fruANE <3 

søndag 28. oktober 2018

Reisebrev og opplevingar

REISEBREV -
for eit pompøst ord -
eg brukar det likevel -
eg likar det like mykje som eg mislikar det...


Ja ja, då står eg her og ventar likevel...15 min.- midt mellom dei høge fjella på hovudvegen mellom  to tunnelar, der eg skal til på Kvivsvegtunnelen. 
Det hadde nok lønt seg å vente på ferga i Volda...men men, eg har tid! 

Eg starta heimanfrå med god "drive" mot Sandane. NRKJazz var med meg på vegen, og eg berre naut friheita - og kjende eg kunne køyre Peugeoten min i det uendelege...Eg skulle til Sandane på veninnetreff <3 <3 <3

Litt uviss på kva veg eg skulle ta, men då eg nærma meg Volda,- såg eg ferga seig frå land på Folkestad.
Eg tok Kvivsvegen!
Etter Rotsethorntunnelen var skodda tjukk som graut...vanskeleg å kjenne seg att - her som eg har køyrd så mange gongar. Det var berre tunnelane som hjalp meg å fortelje meg kvar eg var. 
Då eg kom gjennom Paddetunnelen ( eg kallar den det! Siste tunnelen før den store Padda i Austefjorden), var det ei lita lysning gjennom skoddeveggen, sopass at eg såg Storevasselva og fossen der far min brukte å fiske laks i... Eg trur han fekk laks nokre gongar i laksefiskarkarriera si. 

Etter neste tunnel var det eit nydeleg sollys gjennom skoddelaget - og eg fekk sjå mitt barndoms paradis
Nes <3 


Her eg står no, er det heilt skoddefritt. Sola kryp sakte nedetter dei bratte fjellsidene som har fått snø på toppane og eit stykke nedetter fjellsida. Det er rim på markane, og eg ser at vaktmannen som står med raudeblinken, frys. Eg lurer ei stund på å invitere han inn i varmen, men han må stå på post med raudeblinken, for å stoppe bilane bak meg. 

Me lyt berre vente, alle ihop...
Det skal seiast at freistnaden for ein god lunsj på Løvland Pub og spiseri på Grodås, styrte bilen lett forbi fergekaia i Volda. Skal eg angre på valet, her eg sit?

Nei! 
Der kjem leidebilen...

...og for kva?

For eit tull! Å vente i 15 min på leidebil, for å køyre i max 60 km/t gjennom den 7 km lange tunnelen, og med "berre" ein blinkande bil som utførte nokre elektriske greier?
Dei har vel sine reglar!

Sola blenda meg, idet eg kom ut av elendet...alt gløymt, og no sit eg altså her på Løvland - med heimelaga tomatsuppe m/egg og bacon, deileg brødbakst og nydeleg heimelaga smør...mmmmm...

Det som ikkje fekk plass på brødskivene, maula eg...( veldig usunt, men...).

Velkomen til Løvland

Heimelaga tomatsuppe + + +

Her er verkeleg ein flott plass,- nyopna for eit par veker sidan, og med to herlege damer bak dei tøffe diskane. Smilande blide damer, mor og dotter - den eldste full av nordnorsk lynne og humør ;)
Eg stortrivst her eg sit <3
Eg kjem att, garantert ;)

Når du kjem inn...kjenner du lukta av nysteikt brød, kaffe og noko meir...
...og til høgre finn du dette...

...til venstre ser du...
...og dette.
Litt lenger inn i lokalet, finn du vegen til "tilbygget" - og her vil eg sitje ein annan gong.




Her er det fleire sitjeplassar.

Veggane kjem av frålagt materiale frå "bygdafolk" og kjentfolk...og diskane er av bølgeblekk. Kult!


Ulike tekstar...

Eg takka fint for meg, og rusla ut i den kalde lufta...god og mett, glad og tilfreds :)
 Sola hadde enno ikkje kome ned til bygda, så det var ei god gnæse...

Turen gjekk vidare til Nordfjordeid, utan altfor mange forseinkingar...berre at eg "låg" bak ein diger trailer med hengar full av tømmer. 

På Eid, opera bygda, og der Stjernekamp-favoritten Alexander Pavelich kjem frå...vart det tur på bruktbutikken til NMS.
Ein romsleg og oversikteleg butikk, som rommar det meste av det ein treng...eller ikkje...
Eg plukka med meg ein snopekopp ( som eg oppdaga stod "bestemor" på, då eg omsider pakka den fram ;)
Den skal få "kvile" til eg treng den, evt at andre treng den før meg...
Eit par grøne stett-skåler i ulike storleikar stod der og lokka på meg
...
og ei hekla dorulldokke :) :) :) 
noko so "harry"...
(den skal få heidersplass på utedo).


Lauget Kaffi & Kultur <3
Eg har følgt Lauget på facebook sidan dei starta for 2,5 år sidan, og har sett alt det spanande dei har fått til der... Sidan eg har ei god veninne på Sandane var det på tide å sjekke ut denne møtestaden, - på "Strikk & drikk" fredag kl 18 - 23.00.
Me var tre i følgje denne tidlege kvelden, og var heldige som fann ein koseleg krok, og bestilte dessertkaffe ( sidan me ikkje rakk desserten heime ;). Mange strikkeglade DAMER i alle aldrar dukka etterkvart opp, og det vart fullt. 
Ein retteleg koseleg kveld, med mykje strikk og mindre drikk, sidan det er altfor interessant å strikke...og utveksle tyting med dei ein sat saman med.


Trivselsskogen - turar for alle...










Stien til Kjærleiksskogen:
"Her er det rom for hjarte og kjærleik i alle former. Riss inn i barken, heng opp eit trehjarte på ein stamme, lag eit hjarte i skogbotnen...
Berre fantasien stoppar deg!
Pass berre på at du er med på å gjere Kjærleiksskogen til ein triveleg stad å vere for alle"!

Hjarter i ymse fargar og storleikar
Midt i  Kjærleiksskogen<3



Turen gjekk vidare til Draumekvila 210 m.o.h. - ei DNT hytte ( dagsturhytte), som er open for alle :) og her var det godt å sitje 


Her måtte me setje frå oss skoa utandørs, medan me fekk låne sokkar innandørs...så til ære for utsikta, sokkane og Draumekvila, vart dette biletet til <3

Her var bøker til låns, og deilege strikka-og hekla sitjeunderlag og tepper.
Ikkje rart det vert kalla Draumekvila <3


Neste stoppestad vart TIN camp - trygg i naturen "ein naturleg samlingsplass for positive opplevingar ute". Her kan ein booke og reservere plass.

...og her kan ein overnatte...

Fantastisk å rusle her...

Smeis for eit døgn <3 Ein treng altså ikkje reise så langt for å få minnerike opplevingar 
( og det veit eg så vel), og nydeleg å vere på tur med kjekke damer <3 <3 <3

Takk for meg <3

fruANE <3