torsdag 14. desember 2017

Nederlag og lukkekjensle, hand i hand

I haust starta eg opp att med å spele klarinett, etter ei pause på nokre månader...og eg merka raskt at høgre skulder plaga meg... Ein medspelar ga meg halssnora si, så eg kunne prøve om det hjalp. Det gjorde det, og eg var kjempe fornøgd. Hausten gjekk, og me har hatt eit par konsertar, men no når me starta på nyttårsprosjektet, med lange og intense øvingar, vart det full stopp. Smertene var så store at eg måtte gje meg...Eg klarte berre spele ein liten halvtime, før skuldra sa "nei"!
Så eg tok ei avgjerdsle...
Vil eg ofre skuldra til fordel for alt anna eg vil?
NEI!
Eg vil strikke, sy, skrive, og arbeide som eg har gjort...den statiske bevegelsen med å halde klarinetten måtte vike...
Eg er sjølvsagt lei meg for at eg ikkje kan vere med på dette musikk-eventyret, for det har gitt meg so uendeleg mykje glede og meistringskjensle. Eg har nytt å ta del i eit stort musisk samspel, der eg har site med mi 3. stemme på klarinetten, høyre dei fine stemmene i dei ulike instrumentgruppene, og skape dette magiske i musikken <3
Mang ein gong har eg vorte rørt av dette store og magiske med kva musikk gjer med ein...for det er stort <3
Eg skal ikkje legge heilt frå meg klarinetten, men prøve litt innimellom...for eg synest eg har fått til ein heil del, både teknisk og tonemessig <3
(sjølvskryt er velskryt) 


Tysdag denne veka tok eg skia fatt, og gjekk mot Steinen,- eit mål eg har hatt på mine småturar med hunden elles i året....
...og den lukkekjensla <3
Ubeskriveleg!


Det er ikkje så langt, men enkelte dagar er dette langt nok for meg...


...og då å få kome opp dit, og sjå utover...
Himmelsk!


Ei avdød veninne lærte meg å sjå fargane og lyset i naturen...og ofte tenkjer eg på henne når eg går desse turane mine...når eg ser lyset på himmelen...
<3


Ein ekstra bonus er å sjå korleis Roffen leikar seg i snøen, og nyt livet <3


Eg er så rik<3


Turen medførte ein del smerter i skuldra, litt utpå ettermiddagen, kvelden og natta - men dette var verdt smertene <3

Eg har gong på gong kjent kor godt det er å kome seg ut på tur, for å snu tankane <3 
Det er verdt det <3