lørdag 1. juli 2017

På TUR

BOBILTUR 2017
Det gjorde seg med ein "tidleg"-ferie i år <3 
Me starta turen til Lærdalsøyri, med "Lærdalsmarknad" 16.-18.juni.
Lærdalsmarknaden
Dette hadde eg gledd meg til, for eg hadde høyrt so mykje fint om både staden og kvaliteten på marknaden. Me var veldig heldige med veret, og parkerte eit sykke utanfor sentrum( fullt på campingplassen, men fekk tips om å parkere litt utanfor). Det var heilt supert, for der hadde me kveldssola( så lenge den kunne vere på ein stad som denne...pga tronge fjordar og høge fjell).


Det vart ein fin-fin sykkeltur til sentrum, på ein spanande sykkelveg...gamlevegen!


Det vart ein del innkjøp på denne marknaden, og fiskekaker frå Birger, vart til Birgerburger, med lokale grønnsaker, ost og oliven. Nauta godt!
Pssst!
Dei nydelege fata kjøpte me på Hakallegarden
 - og dit MÅ de reise :)
 eit eventyr for små og store <3


Må berre fortelje om eit garn av 100 % brennesle,
som eg kjøpte med desse kjekke damene frå Beli,
Eg har aldri høyrt om brenneslegarn før...
...så det måtte eg sjølvsagt kjøpe med meg ;)


Og godt hadde me det,- på heile turen...med opplevingar i fleng <3
Kjekt å ha slike opplevingar å sjå tilbake på :)


...og to par strømper ( av Oddlaug, - som mi farmor heitte <3 ) til "mor", 
når me omsider kom oss avgarde på vår vidare ferd...


...over Filefjell til Fagernes, 
men sjølvsagt tok me eit stopp ved 


...over Filefjell og Kongevegen 
( noko me ikkje tok oss tid til denne gongen, meeeen...) til Fagernes...


Der campa me ved denne skigarden, og song 

Utpå kvelden vart det ein fin kveldstur på sykkelsetet, i deileg sommartemperatur ;)

Neste dag drog me vidare til 

"Veien til lykken går gjennom Bakeriet"


Vel!
Me åt iallfall kvar vår deilege skillingsbolle og drakk kaffe...


...og sikra oss gummi til Norgesglass
og noko til... ;)


So var me innom Magnor Glassverk - sidan me køyrde forbi... Flott utstilling på loftet, og mykje fint å sjå :) før me kryssa grensa til naboen - Sverige 
Målet var Gòtakanalen <3
-
her på Sjøtorp
austsida av Vànern.




Mykje køyring, men også ein god del sykling...og bakenden fekk "køyrd" seg desse dagane
( heldigvis hadde me både sykkelbukse( veldig sexy :) :) og polstra sykkelsete...


Heilt FANTASTISK å vere NORSK i Sverige


Frå brua over Gøtakanalen mot Wassbacken cafè camping & vandrarheim <3


Litt avslapping ( med strikk av Storsjal
...og legg merke til den nyaste korga mi <3 
også kjøpt på Lærdalsmarknaden


Sykkeltur til Forsvik - ein liten stad, kjend for kultur og historie -  


- med Gøta kanal si eldste og høgste sluse


...og Loppisfunn...


...som skal heim til Snopekopp"- samlinga mi <3


i Sverige er ei fin oppleving... 
Sjølv om me har våre gode tradisjonar i Noreg, var det fint å ta del i "storfamilien" på campingplassen <3


Dagen etter var alle butikkar stengde...

Me for på sykkeltur til Karlsborg og Karlsborg sluse,
som også var vår avslutning på sykkel-og bobilturen langs Gøtakanalen.


Ferda gjekk vidare til den svenske vestkysten, med nasa vendt mot nord igjen...
...til Fjàllbacka 


Camilla Làckberg, født her i Fjällbacka - ho har teke utg.pkt. frå Fjällbacka i fleire av krimromanane sine... Kjekt å rusle rundt på den idylliske staden, der husa ligg tett i tett inn mot fjellknausane på eine sida og havet med alle dei små og store øyane i front.


Over grensa tilbake til Noreg, og då med eit natuleg stopp i Halden -
for å få med seg premieren på 
Veldig artig å vere med på eit slikt arrangement, sjølv om det var "rart" og pinleg å sjå seg sjølv på fjernsyn ;) :)


Etter fjorten dagar på tur, var det godt å kome heim til 
familie og hageblomster <3

...og begge var samde om at det hadde vore ein gild tur <3

ANE