tirsdag 6. juni 2017

I barndomen sitt Paradis

Pinsa 2017 
skulle bli avslutninga i mitt barndoms Paradis 
<3 NES <3

Massolagarden

Mannen min og eg for på vår første bobiltur for sesongen,- til Nes. 
Me campa i tunet i Massolagarden, der eg var mykje som barn, ungdom og seinare som vaksen... 
Eg har såååå mange minne knytta til denne staden,- 
for det meste gode minne!


Krokafjellet,- i følge farfar... 
"Om hundre hoppar utfor Krokafjellet, so skal ikkje du gjere det"

Løda

Traktorspora har vorte djupe med åra...

SMIA

...og i utmarka veks det igjen...

Naustet

...og ved Storevatnet gror det også igjen...


...men å gå i desse fotefara til forfedrene har gitt styrke denne helga <3


I tillegg til å gjere huset klart til fotografering og etterkvart salg, har eg personleg fått avslutta dette kapittelet i livet mitt <3


Eg skal ikkje sove på dette romet fleire gongar...
Nye menneske skal få ein sjanse til å skape eit liv i desse roma <3


Dei skal få sitje rundt kjøkenbordet...og kanskje ta inn ein bukett med blomar frå hagen <3


Eg kjenner takksemd <3