mandag 23. januar 2017

Lykkepille

Etter ei intens innkøyring til Nyttårskonserten
vart eg rett og slett dårleg...
Heile påfølgande veke var eg ikkje heilt meg sjølv, og eg har spurt meg fleire gongar
 "om det var verdt det"... 
Eg veit ikkje! 
Truleg har eg gløymt det til neste år...


Etter ei heil veke i elende...pakka eg sekken, og reiste til Perlå - den vesle hytta...
Roffen( hunden) og eg fyrte godt i omnen, 


og gjekk ein herleg tur, 
og vel heime igjen kokte me kaffi 


og åt ein enkel lunsj...skreiv i hyttebokja og las bok...sopass lenge at det vart skymt( og måtte tende  haudelykta)... 
Dette var lykkepillen eg trongde, og var full av LUKKE då eg reiste heim <3

Tenk at so lite, kan gjere so mykje?
Små gleder, er krydder i livet


Krydder er viktig på maten, for å gje smak...
Krydder er viktig i livet, for å gje smaken på livet <3
Ha ei smakfull veke <3
klem









2 kommentarer:

  1. Så herlig!
    Ein treng slike stunder som gir påfyll 😊
    Lag deg ein fin dag!⚘

    SvarSlett