mandag 9. mars 2015

Storsjal & bursdagsfeiring



 Storsjal
Drops sitt garn
Alpaca Bouclè mix
( 80 % alpaca, 15 % wool, 5 % polyamid).


Eg ville prøve eit anna type garn i storsjala mine, 
og dette vart det meir struktur i...

Lyseblått & brun/beige.


Favoritten er likevel det eg alltid har brukt,
Drops sitt Alpaca Silk brushed.

Eg held på å "lage opp" litt ymse fram mot 50 års dagen min 31. mars <3
Då har eg invitert venner og familie til open dag, med utstilling i vinterstova mi og bålkos i hagen. Eg har bestilt bra vèr, slik at me kan bruke alle "stover" som er på eigedomen :)
Eg er så stor snart, at eg kan tore å gjere det eg har lyst til...og det er ein slik dag. 
Eg er ikkje so "god" på å dekke rundt bordet, og sitje der med inviterte gjerster. 
Likar best når det skjer noko...
Difor blir det ein litt annan bursdagfeiring enn vanleg <3

Korleis gjer du det med slike store dagar?

Ha ei fortryllande veke <3

ANE