tirsdag 14. mai 2013

Helgetorsdag - Kristi Himmelfartsdag!


Me vart sitjande i naustopninga, då det yra lett på vatnet...i timesvis sat me der og såg på bålet, la på meir ved og berre såg...rekreasjon!


Dagen derpå - gjekk eg den attgrodde stien langs elva, og fann gøymde og attgløymde skattar...


...ein og annan kvitveis...


Det rann godt i elva, då det hadde vore mildver, og snøen hadde smelta.


Ei gamal "sag" låg der, men rart kor fint det er med gamalt skrot...


Til og med mosegrodde sement-røyr kan vere dekorativt, i rette "settingen".


Mosegrodde steinar som "saga" stod på...


...er iallfall å stole på... "der standa dei like traust"...


Ei rusta malingspøs!


Gamle reiskapar som vart sett til sides då traktoren kom med sine mange og sterke"hestar"...


Eit mosegrodd krokatre - plomme eller eple -


og ein ............ 
Kva kallar ein dette?


Trohuset, over elva, - fyllt med hesjastaur. Det er lappa med diverse plater her og der...likevel sjarmerande!

Takk for at du tok turen langs elva, saman med meg <3
Eg har gått so mange gongar her...då eg var ung, og drøymde om å bli odelstaus på garden...
Slik vart det ikkje, men det er lov å drøyme seg vekk likevel!
Det er gratis!

Ha ein god dag!

Klem frå ANE

2 kommentarer: